Skip to content

Minnesteinen i Begsdalsvegen Traditional Cache

Hidden : 9/24/2016
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


I Bergsdalsvegen står det ein minnestein som var ukjent for dei fleste i bygda.Steinen står ca 500m nedanfor Storefossen,like ovanfor Storesvingen.På steinen er det hogd inn T A og ein kross. Kva og kven er den til minne om? Det var ei gåte som ikkje var lett å løysa.Etter ein gjennomgang av lensmannsprotokollar frå Bruvik kom løysinga.

Mannen var Torger Andriasen,fødd 12.mars 1884 i Nordre Land,Oppland. Ulukka hende onsdag 1.mars 1922,og vart innmeldt til lensmann 3.mars frå overingenøren i Hordaland Vegvesen.Saka vart etterforska av lensmannen i Haus og henlagt 27.mars.Årsaka til at det var lensmannen i Haus og ikkje i Bruvik som etterforska saka er ikkje kjent.

Skulle tru at både hendinga og steinen var kjent for dei fleste i bygda,men slik var det ikkje.Mange har gått Bergsdalsvegen i ein mannsalder utan å vita om den.Nokre hadde høyrt om det,m.a. Jhon Eliassen. Han hugsa at faren fortalde om ulukka og at det hende under utbedring av Bergsdalsvegen i samband med start av arbeidet på Storefossdammen.

Erling Knutsen mintes frå far sin at ulukka skulle ha skjedd på ein søndag og at den forulukka vart transportert med hest til Dale stasjon og send med toget. Sidan ikkje bygdefolket hadde noko særlig kjennskap til hendinga gjekk ein ut frå at han ikkje var heimehøyrande i området. Han var heller ikkje å finna i kyrkjebøkene.

Svein Helle fortalde etter Per Hatlestad at ulukka hende ved utviding av svingen.Det vart utførd ein del sprengningsarbeid.Under reinsking var det ei blokk som dei ikkje fekk laus,og dei let ho henga og gjekk til mat.I matpausen gjekk Torger tilbake for å henta noko.Då losna blokka og han fekk ho over seg.Torger vart Gravlagt på Dale 4.mars 1922,og jordfesta 2.juli same året.Det er og hevda at Torger skulle gifte seg,ei veke etter ulukka 

Ved oppsett av fyrste forstøttningsmur vart steinen mura inn.I 1985-86 flytte Svein Helle og Olav Bergstad steinen opp der han står i dag- Torbjørn Fosse har i alle år slått og rydda rundt steinen.Likeeins måla inskripsjonane.

Under Daledagane 2012, 9 juni, vart det avduka ei minneplate på steinen. Plata har fyljande tekst: ”Torger Andriasen, fødd 12. mars 1884 på Nordre Land, fekk denne steinblokka over seg og omkom 1. mars 1922. Det skjedde under utbetring av vegen her. Arbeidskameratar let ettertida hugse hendinga med denne enkle inskripsjonen.” 

kjelde:Vaksdal Historielag og Torbjørn Fosse

 

Additional Hints (Decrypt)

Ab: "Uhyr" rat."Pnir"

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)