Skip to content

Kongevegen - Kyrkjestølen Traditional Cache

Hidden : 8/3/2016
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Kyrkjestølen


Cachen er ikkje plassert på vegen eller vegkonstruksjonen.
Eng: The Cache is not placed on the road or the roadconstruction.



Vegbygginga vart leidd av generalvegmeister Christopher Hammer i Bergens Stift og generalvegintendant Peder Anker i Akershus Stift. Begge to var markante og evnerike menn som la ned stor personleg kraft i arbeidet med vegen. På Filefjell valde dei nye vegliner i staden for å byggje ut den gamle ridevegen. Sjølve vegarbeidet vart utført både av utkommanderte soldatar og bønder på pliktarbeid, noko dei sistnemnde ikkje var særleg nøgde med. Her på austsida av Filefjell starta vegarbeidet i 1790, men gjekk i starten ikkje heilt slik det skulle. Då generalvegintendant Peder Anker kom på synfaring 9. juli 1791, kunne han konstatere at heile den nybygde vegen mellom Nystøga og Kyrkjestølen var ubrukeleg. Veginspektør Iwer Moss, som var generalvegmeister Hammer sin utsending frå andre sida av fjellet, skreiv nokså skadefro til Hammer at den nye vegen var «saa fuktig og Blød at den gick under Bugen paa Hæstene, kort sagt Næsten uframkommelig». Den var også anlagt med «adskillige Kroger og Bukter», hadde inga rett line, var for smal og mangla drenering. Moss tykte dei gjorde ein mykje betre jobb på vestsida av stiftsgrensa. Peder Anker måtte krevje dette «taabelige anlæg af Vej» bygt på nytt, og for andre gong vart bøndene i Vang kommanderte til å byggje same veglina. Over 100 bønder møtte til pliktarbeid på strekninga i juli 1791. Dei vart leidde av tre løytnantar og to underoffiserar. Arbeidet heldt fram resten av sommaren, og resultatet vart til slutt bra. I oktober rapporterte løytnant Møllerup at dei var ferdige og hadde bygt vegen heilt til Sulelie. Og denne gongen hadde dei bygt ein «god og Bestandig vei». Iwer Moss rapporterte igjen til Hammer at «Af ærfarenhed lærer mand».

Då den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-talet, fekk ein for fyrste gong køyreveg mellom Aust- og Vestlandet. I dag er den gamle Kongevegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har. Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå tronge og dramatiske fjordlandskap inst i Sognefjorden, via høgfjellet på Filefjell, og ned i innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane - med den historiske Kongevegen som den raude tråden undervegs. Der vegen er borte nyttar ein andre trasear, slik at det blir ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang. Syklistar har alternative ruter utanom dei mest sårbare delane av Kongevegen.



In charge of the construction were Christopher Hammer, Director-General of Roads, Bergen diocese, and Peder Anker, Intendant-General of Roads, Akershus diocese. Both were prominent and talented men who took personal pride in the road-building project. At Filefjell, they opted for a new route instead of developing the old bridle path. The actual work was carried out by serving soldiers and farmers for whom this was mandatory - something the latter were not happy with. Construction work at Filefjell started in 1790, but did not go to plan in the early stages. When Intendant-General Peder Anker came on inspection on 9 July 1791, he found that the entire stretch between Nystøga and Kyrkjestølen was unusable. Road Inspector Iwer Moss, who was Director-General Hammer's acting deputy from the other side of the mountain, wrote to Hammer, with some malicious pleasure, that the new road was "so wet and soft that it reached the belly of the horses; in short, almost impassable". It had also been built with "numerous turns and twists", had no straight lines, was too narrow and lacked drainage. Moss felt that the work carried out on the western side was of far higher quality. Peder Anker had to demand this "nonsensical road structure" redone, and the farmers in Vang were ordered on road-building duty for the second time. In July 1791, over 100 farmers reported for work on the stretch. They were led by three lieutenants and two junior officers. The work continued throughout the summer, with a good end result. In October, Lieutenant Møllerup reported that the work had been completed and the road led all the way to Sulelie. This time they had built a "good and long-lasting road". Iwer Moss then reported to Hammer that "From experience one learns".

Bergenske Kongeveg, built at the end of the 1700s, was the first proper road between eastern and western Norway. Today, the old Kongevegen is one of our most beautiful cultural heritage routes. The 100 km Kongevegen across Filefjell walk leads through some of Norway's most spectacular scenery. From the narrow, dramatic fjord landscape innermost in the Sognefjord, via the high mountains at Filefjell, and down to the inland villages in Valdres. A journey from one part of the country to another – linked together by the historic Kongevegen.
Kilde/Source: Statens vegvesen



Geocaching i Norge

Additional Hints (Decrypt)

Haqre fgbe fgrva onx yvgra Rat:Haqre ovt ebpx oruvaq fznyy

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)