Skip to content

Kongevegen - Olavsklemma Traditional Cache

Hidden : 7/31/2016
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Olavsklemma


Cachen er ikkje plassert på vegen eller vegkonstruksjonen.
OBS! Den bratte fjellsida hindrar gode GPS-signalar. Bruk spoilerbilde og hint. Eng: The Cache is not placed on the road or the roadconstruction. OBS!The steep mountain will prevent good GPS-signals. Use spoilerfoto and hint.



Fleire av dei norske sagakongane reiste over Filefjell, for dette var raskaste vegen mellom aust og vest. Men ingen har sett så mange spor etter seg som Olav Haraldsson, eller Heilag-Olav. Over alt der kongen drog, finn ein segner og forteljingar om han, slik som her ved Olavsklemma.

I 1023 passerte Kong Olav og hirden hans Lærdal, på kristningsferd til Valdres. Etter fyrst å ha egla på seg Jutlamannen, det store trollet ved Bjørkum, og mana det til stein, kom han hit, til Galdane. Her var passasjen så trong at ein vanskeleg kunne passere med kløvhest. Men kongen visste råd, han fekk hesten til å setje baken mot fjellet og skauv det så til sides. Ein kan framleis sjå merket etter hesten i fjellveggen, og slik fekk det namnet Olavsklemma.

Naturvitskapen har naturleg nok ei litt anna forklaring på merka i fjellet. I istida, mange tusen år før Heilag-Olav reiste her, vart passasjen i Olavsklemma hola ut av ei kraftig breelv.

Inntil fjellsida kan ein også sjå spor etter jettegryter, groper forma av lause steinar som har vorte sett i roterande rørsle av vatn. Slike groper kan bli både breie og djupe, slik som her ved Olavsklemma eller nede i elva ved Sjurhaugfossen, lenger aust. Namnet jettegryte kjem av den gamle folketrua om at det var trolla – jettane - som hadde hola ut gropene og brukt dei til gryter.

Under siste verdskrigen bygde tyskarane maskingevær- og bombekastarstillingar og sprengde ut ei fjellhole til ammunisjonslager ved Olavsklemma. For tyskarane var det viktig å kontrollere trafikken mellom aust og vest, og dei bygde forsvarsverk gjennom heile Lærdal for å stogge ein eventuell alliert invasjon. Mellom Seltun og Sjurhaugen, der Lærdal er på sitt trongaste, hadde dei full kontroll. Fleire stader langs Kongevegen kan ein enno finne mange av desse stillingane.



Då den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-talet, fekk ein for fyrste gong køyreveg mellom Aust- og Vestlandet. I dag er den gamle Kongevegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har. Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå tronge og dramatiske fjordlandskap inst i Sognefjorden, via høgfjellet på Filefjell, og ned i innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane - med den historiske Kongevegen som den raude tråden undervegs. Der vegen er borte nyttar ein andre trasear, slik at det blir ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang. Syklistar har alternative ruter utanom dei mest sårbare delane av Kongevegen.

The track across Filefjell was the quickest route between east and west, and was used by several of our Norse kings. None of them, however, left their mark to quite the same extent as Olav Haraldsson, or St. Olav. Everywhere he went, he gave rise to legends and tales – such as here by Olavsklemma.

In 1023, King Olav and his men rode past Lærdal on their mission to introduce Christianity to Valdres. After first picking a fight with Jutlamannen, the massive troll by Bjørkum, and turning him into stone, he arrived here – at Galdane. The pass was so narrow that even a pack horse had difficulty getting through. But the king knew what to do – with his horse’s rear end pressed against the mountain, he pushed it away. The mark the horse made in the mountain side is still visible, and this was how the name Olavsklemma originated.

Naturally, scientists offer a somewhat different explanation. During the Ice Age, before St. Olav travelled through the area, the pass known as Olavsklemma was carved out by a fast-flowing river of glacier water.

Up close, it is possible to see traces of potholes in the mountain side; hollows formed by rocks being rotated by the water. These hollows can be both wide and deep, such as the examples here at Olavsklemma or down in the river by the Sjurhaugfossen waterfall further east. The Norwegian word for pothole, jettegryte, derives from the old superstitious belief that the hollows were made by trolls – jetter – who used them as pots.

During World War II, the Germans built machine gun and mine thrower posts by Olavsklemma, and made a cave in the mountain to use for ammunition storage. It was important for the Germans to control the traffic between east and west, and they built fortifications all over Lærdal in order to stop a possible invasion by the Allied. Between Seltun and Sjurhaugen, where Lærdal is at its most narrow, they had full control. Many of these fortifications can still be found along Kongevegen.



Bergenske Kongeveg, built at the end of the 1700s, was the first proper road between eastern and western Norway. Today, the old Kongevegen is one of our most beautiful cultural heritage routes. The 100 km Kongevegen across Filefjell walk leads through some of Norway's most spectacular scenery. From the narrow, dramatic fjord landscape innermost in the Sognefjord, via the high mountains at Filefjell, and down to the inland villages in Valdres. A journey from one part of the country to another – linked together by the historic Kongevegen.
Kilde/Source: Statens vegvesen


Geocaching i Norge

Additional Hints (Decrypt)

Oretfcerxx onx fgrva Rat: perivpr oruvaq fgbar

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)