Skip to content

På veg opp til Lyshornet Traditional Cache

Hidden : 5/1/2012
Difficulty:
2.5 out of 5
Terrain:
3 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Fin stad for pustepause på veg opp mot Lyshornet. Like i nærleiken av cachen er det to benkar og utsyn mot Fanafjellet, Nordvik og utover havet mot Sund.

Lyshornet - 404 m.o.h. er eit ynda turmål for mange. Somme tek turen opp til Lyshornet dagleg. Frå toppen har ein eit vidt utsyn i alle retningar - Bergensdalen med fjella rundt i nord og Tysnes i sør. Og sjølvsagt godt utsyn over Lysefjorden og vidare utover mot havgapet.

Det går mange stiar opp mot Lyshornet. Den kortaste stien går opp frå Lysekloster-ruinane. Det er den stien som er mest nytta. Denne geocachen er meint som inspirasjon for dei som likar å gå opp frå Nordvik-sida, og som idé-skapar for dei som ikkje har prøvd å følgja denne ruta enno.

Følgjer du denne ruta, får du ein lengre tur enn om du går opp frå Lysekloster-ruinane. Du får også fleire høgdemeter, i og med at det er litt meir innslag av haug og hammar, altså litt opp og ned på turen. Terrenget er meir variert, og du får meir utsyn undervegs. Turen opp til Lyshornet forbi denne cachen er difor absolutt å tilrå.

Som utgangspunkt for turen kan du ha både Pøylo ved Buena og Nordvik/Sagstad. Den gamle stien går opp frå Sagstad, og du kan gå ut både frå Nordvik skole og frå Sagstadvegen. Om du derimot går ut frå Pøylo ved Buena, følgjer du skogsbilvegen til Svartavatnet eit godt stykke oppover, til du møter stien som kjem frå Sagstad. Det står skilta til Lyshornet ved krysset mellom stien og vegen.

Sett av ein god time og gjerne vel så det til oppturen.

Innhald: Loggbok, blyant og nokre bytteting.



Additional Hints (Decrypt)

AB: Haqre. Vxxwr ynatg seå ebgn. RA: Haqre. Abg sne sebz gur ebbg.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)