Skip to content

Hystadmarkjo - Kolerakyrkjegarden Traditional Cache

This cache has been archived.

solskatt: Takk for mange besøk.

More
Hidden : 11/11/2007
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Hystadmarkjo 1 - Kolerakyrkjegarden

Hystadmarkjo er eit flott natur- og kulturområde på austsida av Stord. Her går det ein fin skogssti frå småbåthamna på Tyneset til Storhaug (skilta til Hystadmarkjo) der ein støtar på fleire forminne undervegs. Det fyrste ein møter er Kolerakyrkjegarden frå 1849, deretter Russeklubben som er fleire gamle gravhaugar. Rett før ein kjem til Storhaug, kan ein gå til side for stien for å sjå nærare på ei anna gamal gravrøys. Store deler av Hystadmarkjo blei i 1984 verna som naturreservat for å ta vare på ein særdeles rik og særprega svartorsumpskog.

Hystadmarkjo er eit spanande turområde for borna. Stiane snor seg mellom gamle trær, over bruer og langs stranda. Spaserturen fram til piknikbordene i strandkanten er akkurat passe lang for dei minste og kan anbefalast på det varmaste. Langs løypa frå Tyneset til rasteplassen er det plassert tre cacher med passe avstand. God tur!

Denne cachen ligg ved Kolerakyrkjegarden frå 1849. Kolerakyrkjegarden vart oppretta i samband med koleraepidemien som råka vestkysten i 1849. Kolera er ein akutt, smittsam og svært vondarta tarminfeksjon som vert overført med drikkevatn og matvarer. Epidemien i 1849 kom midt under sildefisket og vart spreidd vidare med fiskarane. Kolerakyrkjegarden på Tyneset vart lagt langt frå folk og hus og var nok i si tid endå meir isolert enn i dag. 

(Tekst henta frå informasjonstavla ved kyrkjegarden).

Du treng ikkje gå inn porten for å finne cachen. Godt fottøy er ingen ulempe!

Additional Hints (Decrypt)

hgfvqr, aæe uwøear

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)